Nøkkeltal

Kva er nøkkeltal?

Nøkkeltal er i prinsippet ein driftsgreinanalyse, som viser kva dekningsbidrag kvar enkelt produksjon gjev. Nøkkeltalanalysen inneheld meir informasjon enn ein tradisjonell driftsgreinanalyse, t.d. oppnådde prisar, maskinkostnad pr. eining m.m.

Føremål og nytteverdi av nøkkeltal

Nøkkeltala skal gje deg som gardbrukar måltal for oppnådde økonomiske resultat i produksjonen. Desse måltala kan du nytta til å samanlikna mot statistikken i denne produksjonen, og dermed sette deg mål kva økonomisk resultat du ynskjer å oppnå. Nøkkeltala kan også brukast til feilsøking dersom du ikkje oppnår ønska dekningsbidrag.

Gjennom nøkkeltala kan vi måle økonomisk utvikling i den enkelte produksjon over tid.

Nøkkeltala er viktige då dei byggjer på analyse av reelt oppnådde produksjons-resultat og rekneskapstal frå eit breidt utval av produsentar.

Historikk: